Folgefonni Breførarlag AS

Heim
Turar
Bestille tur
Bedrifter
Turist informasjon
Nyhende
Om Folgefonna
Samarbeidspartnarar

Nyhende frå oss?

Webkamera Folgefonna

Filmar, bilete og media

Følg oss på Facebook

Film frå Juklavassbreen

Reklamefilm 2010

Facebook

Folgefonni Breførarlag AS driv, som namnet seier, breføring på Folgefonna, den tredje største breen i Noreg. Folgefonni Breførarlag har base i Jondal, men arrangerer turar på heile Folgefonnhalvøya. Hovudsesongen er frå kring 1. mai til kring 1. oktober, med hovudvekt på skiturar fram til St. Hans og breturar etter den tid.

I tillegg til breføring kan me tilby eit vidt spekter av utandørsaktivitetar, som til dømes fjellklatring, kajakkpadling, sykkelturar og segling. Folgefonni Breførarlag har som mål å gje kundane ei totaloppleving med innblikk i kraftfulle naturprosessar, utfordingar for kroppen og ein smak av gamledagar gjennom lokalhistorie og forteljarkunst. For alle våre daglege tilbod har me online booking.

Alle våre førar er godkjent av Norsk Fjellsportforum (NF). Alle våre arrangement fylgjer NF-standarden. Sikkerheit i samband med våre arrangement har alltid 1. prioritet.

Velkommen på tur med oss!

Siste nytt:
Fine ski og trugeturar på Folgefonna no fram til blåisen kjem fram, les om trugeturar her
Ny bretur i 2013, frå Botnabreen til Jordalsbreen, les meir her
Brekurs (NF-Godkjent)arrangeres 15-19. juli 2013, for deg som vil bli breførar eller kunne gå på eigahand
Ledige plassar på breføring over Folgefonna, Fonnabu-Holmaskjer 29. juni 2013
Fjord Tours sel no breturen vår i Juklavassbreen som ein pakke med transport til og frå Bergen, book her
Om du vil stå på ski på Folgefonna, så er Fonna Glacier ski resort åpna for sesongen, i 2013 kan du få kjøpt pakke med ski, bretur og overnatting til ein gunstig pris



Sildrande brevatn

Norsk Fjellsportforum
English pages German seite Norske sider