Folgefonni Breførarlag AS

Samarbeid i tau!

Heim
Turar
Bestille tur
Bedrifter
Turist informasjon
Nyhende
Om Folgefonna
Samarbeidspartnarar

 

Folgefonn Sommar Skisenter.

Folgefonn Sommar Skisenter

Hjelper oss med transport på breen. Me samarbeider også tett med dei ved gruppe arrangement, der varm lunsj og base camp blir etablert på breen. Folgefonn Sommar Skisenter kan skilte med Nord Europas lengste breskitrekk, og har særs gode skiforhold sjølv midt på sommaren. Ein fin kombinasjon kan jo vere å klatre i isen med oss ein dag, den andre dagen stå på ski, for så og kose seg ved Hardangerfjorden!

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal

Tilbyd unike kultur opplevingar. Her kan ein vitje landets einaste gjennverande Baroni, ete slottsmiddag, overnatte på Avlsgarden, og er ein heldig kan ein få med seg ein konsert. Me samarbeider særleg med dei når me har vårskiturar og når me har turar for grupper som ynskjer noko heilt unikt!

Hardangerfjord Adventure

Hardangerfjord Adventure

Dei skreddarsyr opplegg for deg eller ditt firma. Dei arrangerer konferanser, teambuilding, osv. Dette event firmaet er knytt opp mot Hardingasetet som er ein unik overnattingsplass på Ljones.

Hardingasete

Hardingasete

Hardingasete er eit kurs og konferansesenter utanom det vanlege. Her er det lagt vekt på å skape eit vestlandsmiljø slik det ein gong var før i tida. Dei mange gamle husa som er flytta til staden, er innreia med antikvitetar, men inneheld samstundes alt av dagens komfort som moderne bad og kjøkken.

Pilagutt

Pilagutt

Pilagutt er vår beste samarbeidspartnar når det gjeld transport på Hardangerfjorden. Pilagutt er ein perfekt båt til å transportere deg frå Rosendal til Jondal når du har gått Folgefonna på langs, eller at du bur på eitt av dei flotte hotella i Hardanger og ynskjer deg ein dagstur til Jondal for å oppleve blåisen i Juklavassbreen, ingen ting er flottare enn å komme sjøvegen!

EXin.no

Exin.no

Held til i Turistinformasjoen i Bergen. Dei skreddarsyr opplevingar for deg eller di bedrift. Har Bergen og regionen rundt som base for sine aktivitetar. Har du nokon gong gått rebusløp med GPS i bergen? Dette er eit av tilboda Exin tulbyd. Er du i Bergen og ynskjer ein dagstur til Folgefonna, ta kontakt med Exin på turistkontoret i Bergen. Dei hjelper deg!

Authenticore

Authenticore

Offers Incentives and Conferences in Norway based on the philosophy that people are touched deeply by experiencing true authenticity

Reisemål Hardangerfjord

Reisemål Hardangerfjord

Marknadsfører oss og resten av Hardanger til heile verda. Frå sommaren 2007 kan du booke overnatting og aktivitetar gjennom deira nettportal. Firmaet er eit aksjeselskap eigd av dei ulike kommunane og aktørane i regionen.

Fonnafly

Fonnafly

Opplev den storslotte norske naturen fra et av våre sjøfly eller helikoptre. Variasjonen mellom fjord, fjell, fosser og isbreer er et skuespill for seg selv. Turistene omtaler gjerne disse turene som "the highlight of the trip" og "A memory for life".

Bre og Fjell

Bre og Fjell

Eit bergensfirma som har spesialisert seg på å tilby bre og klatre opplevingar samt snø skredkurs. Førarane deira held særs høgt nivå, me brukar derfor ofte deira førarar på våre turar.

Folgefonn Gjestetun

Folgefonn Gjestetun

Etter ei fullstendig oppussing kan gjestetunet i dag by på 30 gjesterom med plass til om lag hundre gjester. Særleg har Folgefonn Gjestetun vorte populært blant idrettslag, skigymnas, krinslag og landslag som nyttar dagane på Folgefonn Sommarskisenter. Men og skuleklassar, pensjonistlag, familiar og andre som ynskjer eit rimeleg overnattings- og ferietilbod, har fått augene opp for oss og det Folgefonn Gjestetun og Jondal har å by på.

Spar Jondal

Spar Jondal

Vår lokale levrandør av daglegvarer og lunsj.

Jondal Kommune

Jondal Kommune

Jondal Kommune er ein viktig samarbeidspartnar når det gjeld produktutviklig og marknadsføring.

Bergen Turlag

Bergen Turlag

Bergen Turlag er Vestlandets største friluftsorganisasjon med over 20.000 medlemmer. Organisasjonen ble grunnlagt i 1890, den gang under navnet Turistforeningen for Bergen By og Stift. Bergen Turlag er tilknyttet Den Norske Turistforening (DNT). Foreningens formål er å tilrettelegge for et aktivt, enkelt og naturvennlig friluftsliv. Naturvern er også et viktig arbeidsområde.

Kvinnherad Turlag

Kvinnherad Turlag

Kvinnherad Turlag er eit lokallag under Den Norske Turistforening/Bergen Turlag. Kvinnherad Turlag vart skipa 5. november 1998, og skal arbeida for eit aktivt, naturvenleg og trygt friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar kommunen. Moglegheitene i nærmiljøet er mange, både når det gjeld turar på ski og til fots. I Kvinnherad har vi ein unik natur som og gjev utfordringar for dei som ynskjer å driva bre- og klatreaktivitetar.

norvis

Norvis

Er eit firma som komponerer aktiviteter for deg og dine venner eller di bedrift. Aktivitetane er knytta til norsk natur og kultur. På Nordmannsvis har vore ein god kunde for oss i over ti år. Kvar vår går me på ski frå Jondal til Rosendal, ein fantastisk ski tur som gjev unike natur opplevingar. Har også i samarbeid med norvis arrangert brecamp for familiar.

Hardanger Gjestegard

Hardanger Gjestegard

Ligg vakkert til heilt nede ved Hardangerfjorden omkransa av frukttre, fjord og fjell. Hardanger Gjestegard  er bygd opp i lokala til eit tidlegare frukt- og bærpresseri frå 1898. Hardanger Gjestegard er i dag ein kulturhistorisk stad for kurs, møte, selskap og ferie. Ei unik oppleving er å oppleve Folgefonna om dagen og kvelden på Hardanger Gjestegard.

Mice Hordaland

Me samarbeidar med MICE Hordaland om å tilby kurs, konferanse, møter, Incentive, opplevelser, Kick off & teambuilding. Sjå www.MICEHordaland.no for mer informasjon.

ICC

ICC

Arrangerer VIP turar. Ingenting er umogleg for ICC. Fokuset er at kunden får det han vil, uansett tid og stad! Dei brukar Folgefonna som ein viktig del av sine arrangement, men har heile verda som base for sine aktivitetar. Firmaet høyrer til i Rosendal

Busstur i Hardanger!

Film innspeling på Folgefonna

God mat ved fjorden i kveldsljos

Tur i ein av mange stølsdalar i regionen.

Trakkemaskin på breen ved filminnspeling.

Basecamp på breen!

Norsk Fjellsportforum
English pages German seite Norske sider