Blåistur
i Juklavassbreen, Jondal (Dagleg tilbod)
Eit av Noreg mest
tilgjengelege brefall. Turen
startar frå Folgefonna Sommarskisenter i Jondal (1200 m o.h.)
deretter går me eller tar øko-transport opp til 1400
moh, går over snøen i ca 20 minutt før me tek på oss breutstyret
og går inn i blåisen. Brefallet byr på både roleg, flat is og
meir utfordrande sprekkområde.. Turen vert lagt opp etter deltakarane
sine ynskje og fysiske form. For nokre tyder det klatring og adrenalin,
for andre vert det ein roleg tur i ei anna verd. Ei verd av is
og blåe blånar og i horisonten ser me Nordsjøen. Du kan anten melde deg på dei daglege turane, eller leige din eigen breførar.
Blåistur i Juklavassbreen Les
meir..
Eigen breførar
/ isklatring Les
meir..
Breføring
mellom Fonnabu-Holmaskjer, Sundal - Odda (Dagleg tilbod)
Ruta frå Mauranger
til Odda er ein ferdsleveg med lang historie. På slutten av 1800
talet og eit stykke ut på 1900 talet vart folk førde på hesteryggen
opp til brekanten og dregne på slede over breen. Dampbåtane segla
i mellomtida rundt halvøya og plukka turistane opp på andre sida.
Det er såleis ei glede for oss i Folgefonni Breførarlag å føra
tradisjonen vidare med å drive føring på den tradisjonsrike ruta
for alle fjellinteresserte, med eller utan bre erfaring. Les
meir..
Natur
og kunnskapsjakt på Folgefonni (Dagleg tilbod)
Det er no opna ein
natursti ved Folgefonna Sommarskisenter i Jondal med nye pedagogiske
løysingar for effektiv og spennande læring i naturens eige klasserom.
Målet er at turen skal gje deg innsikt i navigasjon med GPS samt
ulike faglege smakebetar knytt til Folgefonna, breen, landskapet
og klimaet. Det heile vert runda av med spekulasjonar om Folgefonna
si framtid midt i eit skiftande Vestavindsbelte. Prosjektet er
eit samarbeid mellom Bjerknessenteret, Universitetet i Bergen,
Folgefonna Nasjonalpark og Folgefonni Breførarlag. Les
meir..
Frå fjord
til fonn i Bondhusdalen, Mauranger
Bondhusdalen er kanskje den flottaste
dalen på Folgefonnhalvøya. Turen går frå kaien i Sundal oppetter
Isvegen, til Bondhusvatnet, der ein ser Bondhusbreen. Isvegen
er ein historisk veg som vart nytta til eksport av is frå breen
tidleg på 1800-tallet. Frå Bondhusvatnet går ein vidare opp mot
breen som kjem ned inst i dalen. Bondhusbreen kjem like ned til
400 mo.h., og er den av Folgefonna sine brearmer som beveger seg
mest frå platået og ned mot fjorden.
Les meir..
Blåistur
i Botnabreen, Mauranger
Brefallet byr på
både enkel og meir krevjande blåis i flotte omgjevnader
høgt over fjorden og med flott utsikt til fjella kringom.
Turane tek frå 5-6 timar alt etter ver og føreforhold.
For å koma til Botnabreen køyrer ein forbi Sundal
og vidare inn i Nordrepollen. Her tek ein anleggsvegen oppover
i Øyresdalen. Ved kraftstasjonen ventar breføraren
med alt breutstyret. Les
meir..
Folgefonni på
Langs, Jondal - Rosendal
Turen tek 2 dagar med overnatting på Bergen Turlag
si hytte Fonnabu (eller Holmaskjer). Fyrste dagen er det 10 timar
å gå, andre dagen er det 12 timar før me er nede i Rosendal. På
Baroniet i Rosendal er det mogelg å avslutte turen med god
mat og gode senger. Kanskje er det ein konsert du kan gå
på.. Les
meir..
Fjellklatring
på Vassel, Herand
Det
fyrste ein legg merke til når ein kjem køyrande mot Herand er
den markerte bergveggen som avgrensar bygda mot Samlen. Mang ein
fjellfant rekande forbi har undra seg på om det er råd å klyva
i denne fascinerande skrenten. Truleg var det den same magien
i dei mørke skuggane som trekte både steinaldermannen og klatringsmannen
til Vassel. Les
meir..
Brekurs
på Folgefonni
Har lyst å kunne
ferdast på eigahand på ein bre eller byrje å
jobbe som breførar? Eller kanskje De er ein vennegjeng eller familie
som vil gjere noko saman! Då er eit brekurs på Folgefonni noko
for deg. Les
meir..