Breføring mellom
Fonnabu og Holmaskjer (Sundalsvegen)
[ONLINE
BOOKING]
Også dette året
fylgjer Folgefonni Breførarlag opp suksessen frå tidlegare år
med breførarar stasjonert på Fonnabu. Breførarane går mellom Fonnabu
og Holmaskjer kvar dag i perioden det er sett opp dagleg føring
(sjå sesong under), men ein må booke tur på førehand for å vere sikkra tur over.
Ruta frå Mauranger
til Odda er ein ferdsleveg med lang historie. På slutten av 1800
talet og eit stykke ut på 1900 talet vart folk førde på hesteryggen
opp til brekanten og dregne på slede over breen. Seglbåtane og
seinare dampbåtane segla i mellomtida rundt halvøya og plukka
turistane opp på andre sida. Det er såleis ei glede for oss i
Folgefonni Breførarlag å føra tradisjonen vidare med å drive føring
på den tradisjonsrike ruta for alle fjellinteresserte, med eller
utan bre erfaring.
Fakta
Turen frå Sunndal
til Fonnabu går opp den nydelege Keisarstien som er godt merka
med vardar og raude T-ar. Frå Holmaskjer er den gamle fertslevegen
ned til Tokheim rusta opp og godt merka. Såleis kan folk på eigenhand
ta seg opp til brekanten og verta førte over breen av kyndige
folk. Å kryssa Folgefonna krev gode orienterings kunnskapar samt
breutstyr. For mange stoggar difor turen anten på Fonnabu eller
Holmaskjer sommarsdagen. Etter at me starta føring her i 2001
har fleire kunna kryssa breen og oppleva kontrastane mellom sommar
og vinter i dei varme liene på begge sider av breen.
Folgefonnstunnelen
gjer at ein kjem seg frå Odda til Mauranger (Sundal) på 10-15
minuttar. Frå Rosendal til Mauranger (Sundal) er det 40 minuttar.
Henting av bilar er difor svært enkelt med buss eller taxi. Dette
er ein familie vennleg tur i dramatiske omgjevnader, med utsikt
til havet i vest og Hårteigen i aust. Nærare informasjon om hyttene
og ruta opp til breen kan ein få ved å venda seg til Bergen Turlag
55 33 58 10 og www.bergen-turlag.no. Turen over breplatået byr
på alt frå flott sommar vær til snø og regn. Det er difor naudsynt
å pakka sekken som om ein skulle på vinter tur. Hue og vottar
er obligatorisk utrusting samt solbriller og solkrem.
Krav til deltakarane
er normalt god form. Tung oppstigning til breen på begge sider.
Sjølve breturen går i roleg tempo over breen. Turen byd på nydeleg
utsikt i alle retningar, ein er på Noregs tak! Hardangervidda
og Hårteigen i aust, Nordsjøen i vest, Rosendalsalpane i horisonten
og Hardangerfjorden under oss for å nemne litt av det ein ser..
Sesong
Sesongen for denne turen startar 15 juni og varar fram til midten av september. Turen er "dagleg" frå
og med 13. juli til og med 29. juli i 2012. Utan om denne tidsperioden
må ein tinge god tid i førevegen og prisen er ein annan. Normalt
arrangeres denne turen også kvar helg i august.
Lengde
Ein brukar ca 3 timar
mellom Fonnabu og Holmaskjer. Det er 5,5 km i luftlinje, og ca
200 høgdemeter forskjell.
Vest-Aust: Sundal
(Mauranger) til Fonnabu 6-8 timar, Fonnabu til Holmaskjer 3 timar
(med breførar), Holmaskjer til Odda (Eitrheim) 4 timar.
Aust-Vest: Odda (Eitrheim)
til Holmaskjer 6 timar, Holmaskjer til Fonnabu 3 timar (med breførar),
Fonnabu til Sundal (Mauranger) 5-6 timar.
Påmelding
Tur må førehand tingast. Telefon 55 29 89 21/ 95 11 77 92, web: www.folgefonni-breforarlag.no, Online booking, eller besøk oss på vårt kundesenter; Juklafjord.
Kapasitetsavgrensinga er overnattingsplassar på hyttene.Grunnen til at alle må førehands tinge tur er at me vil ikkje arrangere tur i den daglege perioden dersom ingen er påmeldt, derfor viktig at ein booker tur.
Overnatting Fonnabu
(DNT/BT sjølvbetjenthytte med 32 senger) Holmaskjer (DNT/BT sjølvbetjent
hytte med 20 senger).
Passer for
Turen mellom Fonnabu
og Holmaskjer er den lettaste delen av turen. Opp og ned stigninga
til breen er tyngst. Ein bør vere fjellvandt for å gå denne turen.
Kart med rute innteikna
Utstyr
Naudsynt breutstyr
er inkludert i prisen. Alle må ha med seg vinter klede, ull innerst,
vind og vasstette klede, vottar, hue, skjerf, solbriller, solkrem,
drikkeflaske. Anbefalar at ein har 1:50000 kart (Folgefonna Nasjonalpark) og kompass (evt. også GPS), ridevegar på båe sider av breen er merka, men er skodda tett er det viktig at ein har med seg orienteringsutstyr. .
Pris
400 (450 t/r) pr person.
10% familie rabatt (min 3 personar)