Folgefonni Breførarlag AS

Velkommen til kunnskapsjakt med  GPS!

Heim
Turar
Bestille tur
Bedrifter
Turist informasjon
Nyhende
Om Folgefonna
Samarbeidspartnarar
 

Folgefonna - breen, klimaet og landskapet

Ein natursti som tek deg frå istida til menneskeskapt tøvêr

Det er no opna ein natursti ved Folgefonna Sommarskisenter i Jondal med nye pedagogiske løysingar for effektiv og spennande læring i naturens eige klasserom. Målet er at turen skal gje deg innsikt i navigasjon med GPS samt ulike faglege smakebetar knytt til Folgefonna, breen, landskapet og klimaet. Det heile vert runda av med spekulasjonar om Folgefonna si framtid midt i eit skiftande Vestavindsbelte. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bjerknessenteret, Universitetet i Bergen, Folgefonna Nasjonalpark og Folgefonni Breførarlag.

Fakta

Målgruppa for naturstien er turistar, skuleklassar og universitetsstudentar. Ved å nytte idear frå "geocaching" (www.geocaching.com) konseptet er det lagt opp til at folk skal finna fram til informasjonstavlene ved hjelp av ein GPS. Det vil seia at det ikkje er gjort noko freistnad på å merke ei fastlagt rute for vitjande gjester. Kvart informasjonspunkt har sine unike geografiske koordinatar som ein kan laste inn på ein GPS. Denne vil så vise deg veg frå punkt til punkt same om det er skodde eller sol. Gjennom eit samarbeid med stiftinga Folgefonna Nasjonalpark og Folgefonni Breførarlag er det kjøpt inn GPSar som ein kan låne dersom ein ikkje sjølv har eit slikt instrument. Mange har GPS i bilen, dersom denne kan takast ut kan ein nytte denne for å finne vegen.

GPSen tek deg fyrst langs brekanten der fyrste tavla omhandlar overgangen frå snø til blåis samt litt om lokaliseringa av brear i Sør Noreg. Vidare går vegen oppetter ein liten dal inn mot fjellet til neste informasjonspunkt der ein vert orientert om plantesuksesjon i breforland samt litt generelt om vegetasjonen kring breen. Neste stopp ser på landskapet kring breen og dei særmerkte kvalitetane ein finn her. Prosessane under Folgefonna er ein direkte analog til forklaringa på dei stor-geomorfologiske samanhengane kring oss, mellom anna fjordsystema på Vestlandet.

Etter att lesaren no har auka sitt kunnskapsnivå vert ein teken med inn i forskarens verkstad og det vert gjort greie for eit konkret forskingsprosjekt utført av forskarar ved Bjerknessenteret og Institutt for geografi, gjennom tavla "Folgefonna - ein kanarifugl for framtida". Folgefonna si historie har allereie gitt verdfull informasjon om korleis klimasystemet verkar utan menneskeskapte pådriv. Såleis kan ein seie at breen kan hjelpe oss til å gje betre svar på kva klima me kan vente oss i framtida. Siste informasjonspunkt er kalla "Folgefonna - frå "Den Vesle Istida" til menneskeskapt tøvêr". Her vert ein teken med på ei reise dei siste 350 år, frå ei tid der breane var på sitt største gjennom dei siste 10 000 åra til vår eiga tid der utsiktene er usikre. Ved å nytte IPCC sine utrekningar for klimaet fram mot 2100 vert Folgefonna si framtid diskutert. Nye instrument kjøpt inn av Bjerknessenteret har gjort det mogelege å måle tjukkleiken på breen. Resultata er oppsiktsvekkande då det syner seg at enkelte parti i breen ved skisenteret er svært tynne og såleis utsett for smelting i eit framtidig varmare klima.

Naturstien tek deg gjennom ferske moreneryggar, eit månelandskap utan vegetasjon og vidare ut til morenane frå "Den Vesle Istida". Dei to siste informasjonspunkta står plassert med spektakulær utsikt til Jukladalen med hengande brefall og storslått utsyn mot Hardangerfjorden. Naturstien skal vere open frå mai til slutten av september kvart år. Tanken er at informasjonstavlene skal verta fleire og at ulike forskarar ved Bjerknessenteret skal inviterast til å skrive om ulike tema innanfor dei fagfelta senteret dekker. Såleis vert denne naturstien alltid oppdatert med siste nytt frå forskingsfronten og vil vere ei dynamisk utstilling som skal halde folk oppdatert innanfor ulike fagfelt knytt opp til klimaforsking. Folgefonna med sine 30 000 vitjande kvart år utgjer eit stort potensiale for å nå massane med god forskingsformidling.

Tabell med UTM koder

Turen tek om lag to timar dersom ein skal lese nøye gjennom alle tavlene. Totalt er det om lag 1,5 km å gå i vekslande terreng. Mykje stein gjer at det er lurt med fjellsko. Ansvarleg for tekstar og figurar: 1. amanuensis Jostein Bakke, Bjerknessenteret/Institutt for geografi, Universitet i Bergen. Ansvarleg for drift og vedlikehald av naturstien: Folgefonni Breførarlag, 5627 Jondal. Informasjon og utlån av GPS: Jondal Turistkontor, Folgefonni Breførarlag, Skiutleige ved Folgefonna Sommarskisenter

Sesong

Natursti er open frå mai(litt etter snøforhold) til og med september.

Lengde

0.5 -2 timar. Heilt etter kva tempo ein velgjer å gå turen i. Heile løypa (om ein går innom alle kunnskapspunkta) er 1,5 km i lengde. Total høgdeforskjell er ca 75 meter.

Påmelding

Kan reservere lån av GPS via telefon (+47 55298921/+47 95117792), e-post, eller ved næraste turistinformasjon i regionen.

Passar for

Alle i normal form, uansett alder så lenge ein kan gå.

Reise informasjon (til Folgefonna Sommarskisenter)

Jondal-Folgefonna (19 km): Det er skilta Folgefonna (19 km) midt i sentrum. Følg vegen til Krossdalen ta deretter til høgre ved skilt "Folgefonna". Det er vegavgift som må betalast her, følg vidare vegen heilt til endes.

Heile sommaren går det dagleg buss mellom Jondal-Folgefonna.

Bergen -Jondal (80 km):Frå Bystasjonen i Bergen tek ein mot Åsane, deretter til Arna, ta av til venstre mot Voss. Ved rundkjøring på Trengereid tek ein til høgre mot Norheimsund. Når ein kjem til Norheimsund tek ein til høgre mot Tørvikbygd. Ferje frå Tørvikbygd til Jondal (20 min).

Det er bussamband (Tide) mellom Bergen og Folgefonna. Denne går dagleg og gjer det mogleg å reise på dagstur frå Bergen til Folgefonna. For rute tider og informasjon ta kontakt med Tide eller turistinformasjonen i Bergen (55 32 15 80).

Utstyr

Klede etter veret. Turen er i 1200 mo.h her kan det vere vinter og sommar i løpet av same dag. Godt skoty er naudsynt, dersom du ikkje har det kan du leige av oss. Me har gode i fjellsko i alle størrelsar frå 33 til 47. Om det er sol må ein ha solkrem og solbriller. Anbefaler også å ha noko å drikke med seg.

Prisar

Leige av sko: 200 NOK (depositum på 400 NOK), gruppe rabatt. Må førehandtingast.

Leige av klede: 75 NOK pr. plagg. Må førehandtingast.

GPS apparat: 100 NOK (maks 12 timer), depositum på 500 NOK. Kan leigast ved Jondal Turistkontor (Juklafjord), Folgefonni Breførarlag sitt lokale ved Folgefonna Sommarskisenter.

 

Sildrande vatn frå breen.

Folk går i natursti

Skibakke!

Morenerygg, Folgefonna i bakgrunnen.

Blåis ved Folgefonna sommarskisenter

Mose med blomar

Forskar på jobb

Norsk Fjellsportforum
English pages German seite Norske sider