|
Dag 2
Klokka 5 må alle ut av sengene. Det vert havregraut til frukost før me
vaskar ut av hytta og set kursen vidare sørover. Avgang vert kl 600. Frå
Fonnabu går me sørover inn mot salen som skil dei to største brefalla
på Folgefonna, Buerbreen og Bondhusbreen. Fyrste del av turen er det lurt
å nytte skifeller så sant det ikkje svært godt føre. Me brukar omlag ein
time på å komma oss opp i salen.
Fonnabu - Salen: 1 t Frå salen går me vidare mellom to topp domar på Søndre
Folgefonna. Det høgaste me kjem denne dagen er kring 1610 m o.h. I det
me kjem over toppen er dei fyrste fjelltoppane me møter er Ulvanosi i
Uskedalen. Dette ei alpin fjellkjede kjent for sine glatte og utfordrande
granitt veggar for fjellklatrar på alle nivå. Etappen tek ein time. Før
me for alvor slepp oss ut av breen tek me den fyrst matpausen og nyt freden
og roen som er midt inne på breen.
S salen - ut av breen: 2 t Vidare er det omlag ein halv time med roleg
køyring før me kjem ut av breen. No byrjar eit parti som verkeleg krev
gode ski kunnskapar. Me lyt ta oss ned nokre bratte parti for å koma oss
ned mot Volarusti. Her er ein del opp og ned slik at det beste er å smørje
skiene. Etter eit par timar tek vi oss ein mat pause før vi fortset omlag
ein time til før vi er nede på Volarusti. Framdrifta på denne etappen
er svært avhengig av føre og ski kunnskapar hjå deltakarane.
Frå brekanten - Volarusti: 3,5 t Volarusti er ein flott rygg midt mellom
to dalføre. Toppunktet er 895 m o.h. Her tek vi ein liten pause før vi
stupar ned mot Prestavatn (601 m o.h.). Som oftast lyt skiene av i desse
bakkane då sola og vinden smeltar den vekk. Turen fortset langs vassdraget
og ned Ringeriksfossen før vi kjem ned i Muradalen. Denne delen av turen
går til fots i krevjande terreng. Ved Ringeriksfossen er det hengt opp
tau slik at folk med høgdeskrekk også skal kome seg ned. Vel nede er det
omlag 3 km å gå langs grusveg før me kjem ned i dei svale skuggane på
baroniet i Rosendal. Frå Volarusti til Baroniet brukar ein vel 4 timar.
No kan me slappe av og vete med oss sjølve at me verkeleg har gått "Folgefonni
på langs". Volarusti - Baroniet: 4,5 t
|
|
Fakta
Folgefonna på langs er ein av dei to store klassiske vårskiturane
i Sør Noreg i lag med Jostedalsbreen på langs.
Sesong
Frå slutten av april til byrjinga av juni.
Kapasistet
Avhengig av kapasitetetn på hyttene. Fonnabu har plass til omlag
27 gjester medan Holmaskjer har plass til 18.
Passer for kven
Dette er den perfekte tur for 50årslag eller andre som vil ta
med venner og markere noko i særskilde omgjevnader. Me arrangerer
helst turar for grupper på meir enn 8 personar, men dersom du er
aleine er det mogleg å hive seg med nokre av dei større gruppene.
Utstyrsliste
Termos
Drikkeflaske, minst 1 liter
Hue, vottar, skjerf
Vasstette og vindtette klede
Gamasjar
Solbriller
Solkrem
Skismurning
Skifeller
Ski med stålkantar
4 gode matpakkar
Sovepose
Liggeunderlag
Snøspade (for dei som har)
Kart og kompass (for dei som har)
Pris
1300NOK pr person (inkludert overnatting, middag og frukost, alt naudsynt
breutstyr)
|